Om oss

Du kan trygt seie at landhandlarblodet har gått i arv i familien Klepsvik.

Om oss

Klepsvik & Sønn AS starta som en familiebedrift i 1887 av Ole Nilsen som dreiv landhandel i Håkonsund.

Svoger Knut Mandius Klepsvik overtok bedrifta i 1930, og dreiv landhandelen fram til sonen Villy Birger Klepsvik tok over i 1954, samtidig som dei flytta til nytt bygg i Forlandsvåg. I 1969 gjekk den gamle landhandlaren over til ein meir moderne form for daglegvareforretning, men stadig med den gamle landhandlar-følelsen intakt. I 1983 flytta daglegvara i inn i nytt bygg i Forlandskrysset.

I dag er brørne Vidar, Kjetil og Morten Klepsvik alle involverte i forskjellige delar av den daglege drifta av Klepsvik & Sønn. På tvers av systemet så sysselset Klepsvik & Sønn ca. 40 personar.

Dagens Klepsvik & Sønn

Dagens utgåve av Klepsvik & Sønn består av jernvarehandelen på Sund Senter i Skogsvåg, eit senter der firmaet og er majoritetseigar. På den gamle lokasjonen til landhandlaren i Håkonsund driv vi ein butikk som seljer større byggevare, samt drivstoff til båt.

Via søsterselskap eig vi Kiwi-butikken på Sund Senter, og Spar butikken i Forlandskrysset.

Du kan trygt seie at landhandlarblodet har gått i arv i familien Klepsvik.